Vik Gedeo utvikling gir jenter fra Gedeo-folket i Etiopia mulighet til videregående utdanning. Vi har bygd jenteinternat i byen Dilla i Sør-Etiopia i samarbeid med Gedeo Development Association (GDA). Det bor nærmere 90 millioner mennesker i Etiopia. Av disse bor cirka 1,5 millioner i Gedeo-området. Mange i Norge og Etiopia har bidratt til realisering av internatet.
mandag 23. desember 2013
Stor julegåve til prosjektet
Ein privatperson på austlandet har gitt ei stor gåve til prosjektet. Gåva var på kr 30 000 og fullfinansierer vanntanken til interntatet, som er omtala under framtidige behov. Tanken vart montert i haust. Det er berre å takka givar så mykje for denne storslåtte gåva no like før jul. Givaren har også tidlegare støtta prosjektet.
lørdag 26. oktober 2013
Bygdetreff på Vik - 8000 kr til prosjektet
![]() |
| Geir Barsnes |
![]() |
| Inge Halstensen |
Geir Barsnes stod for sangen og musikken og Ottar Vik leia arrangementet. Det var og ei flott oppleving å vera med Sigurd Vik på hummerfiske, ein film sett saman av Gerhard Vik.
Filmen engasjerte dei frammøtte.
![]() |
| Ottar Vik |
Grendalaget hadde bestemt at betaling for kaffi og vaflar skulle gå til Vik Gedeo-prosjektet. Det kom inn kr 8000 til prosjektet. Det er utruleg bra og prosjektet takkar så mykje for pengane som kjem godt med.
I desse dagar er det finansiering av ein vanntank som er viktig. Den forsyner internatet med vatn til matlaging og til dusjanlegget.
Tanken kostar kr 30 000.
Ingrediensane til vaflane var sponsa fullt ut av Eurospar Rong og egga frå Hans Arne Breivik.
søndag 13. oktober 2013
Vik Gedeo-prosjektet presentert på Vik bedehus søndag
Mellom 70-80 menneske var tilstades då Vik Gedeo-prosjektet vart presentert på Vik bedehus søndag 13. oktober. Vik Gedeo-prosjektet hadde ansvaret for møtet.
Dei frammøtte fekk mellom anna orientering om status for prosjektet og inntrykk frå Etiopia og opninga av jenteinternatet. Kollekten denne søndagen gjekk til prosjektet og det kom inn kr. 7.800 til prosjektet. Det er flott. Takk til alle!
torsdag 10. oktober 2013
Takkar alle på Vik og andre som har gitt gåver til prosjektet
Minister (statsråd) Frenesh Mekuira, frå regjeringa i Etiopia takkar alle på Vik og alle andre som har gitt gåver til prosjektet. Ho deltok ved opninga av internatet.
Fleire enkeltpersonar skal ha ei særskilt takk. Etter norsk målestokk er dette eit lite prosjekt. Etter Etiopisk standard og utvikling eit viktig prosjekt, særleg sidan det rettar seg mot jenter og deira utdanning og at det ligg i Gedeo-området.
Prosjektet har fått medieomtale regionalt og nasjonalt i Etiopia, gjennom Etiopisk TV.
Det bur nærare 90 mill. menneske i Etiopia.
Fleire enkeltpersonar skal ha ei særskilt takk. Etter norsk målestokk er dette eit lite prosjekt. Etter Etiopisk standard og utvikling eit viktig prosjekt, særleg sidan det rettar seg mot jenter og deira utdanning og at det ligg i Gedeo-området.
Prosjektet har fått medieomtale regionalt og nasjonalt i Etiopia, gjennom Etiopisk TV.
Det bur nærare 90 mill. menneske i Etiopia.
onsdag 9. oktober 2013
Den første jenta frå internatet til universitetet
tirsdag 8. oktober 2013
Bilder frå opninga av internatet
søndag 6. oktober 2013
Jenteinternatet i Dilla offisielt opna
![]() |
| Frå høgre: Gerd Lillian Vik, Oddbjørg Vik og minister Frenesh Mekuira |
Jentene som bur i internatet og deira foreldre var sjølvsagte gjester ved opninga. Delegasjonen frå Noreg kom til eit festpynta område og vart ynskt varmt velkomen.
Det var innslag med lokal sang og dans, talar og servering av mat og ikkje minst kaffi som Etiopia er så kjent for.
Desse var tilstades frå Noreg:
Gerd Lillian Vik, Oddbjørg Innvær Vik, Marit Bakka Torsvik, Anne Kristin Vatnedalen, Mengesha Alemu Shetta, Olav Martin Vik, Erling Vik, Roy Torsvik og Sveinung Vatnedalen.
Det var minister Frenesh Mekuira som saman med Gerd Lillian Vik og Oddbjørg Innvær Vik klipte snora og på den måten offisielt opna internatet. Sjå bilete.
Etiopisk TV var tilstades ved opninga og har sendt eit 10 minuttars innslag på riksdekkande TV, først i Sør Etiopia og seinare nasjonalt.
Jentene saman med Gerd Lillian og Oddbjørg utanfor internatbygga.
Det vert lagt ut fleire bilete frå opninga, seinare.
Minister Frenesh Mekuira takka hjarteleg for engasjementet frå Noreg og peika på at internatet er svært viktig for Gedeo-folket og ikkje minst for utdanning for kvinner. Ho var sjølv den første kvinna frå området med universitetsutdanning.
No er ho i toppen i det politiske systemet i Etiopia.
Abonner på:
Innlegg (Atom)











