søndag 19. oktober 2014

Orienterte om Vik Gedeo

Gerd Lillian Vik (t.h.) og Oddbjørg Innvær Vik

 - som starta prosjektet tilbake i 2008 orienterte på bygdetreffet 18. oktober om prosjektet, arbeidet og planane framover.

Vik Gedeo utvikling tek steg for steg når det gjeld å løfta standard og innhald i internatet i Dilla i Etiopia. Vik Gedeo prosjektet har eit langsiktig perspektiv med mål om at anlegget vert sjølvdrive.

lørdag 18. oktober 2014

12 000 til jentene i Etiopia

Det vart eit flott bygdetreff på Vik i ettermiddag. Vik bedehus vart fylt til randen av folk. I overkant av 130 personar fekk oppleva historiske tilbakeblikk, film frå størjefiske og kasting med not, noko som var høgdepunktet denne kvelden. Ottar Vik er primus motor i opplegget, med god støtte frå Vik grendalag og Vik bedehus.

Geir Barsnes tok forsamlinga med inn i Prøysen sine songar. Med seg hadde han musikar Terje Onstad.

Det vart servert vaflar og kaffi. Inntektene gjekk til Vik Gedeo prosjektet. Folk gav heile kr 12 000 til prosjektet. Me seier tusen takk for pengane. Dei kjem godt med når no anlegget skal gjerdast inn, slik at det er trygt for dei som bur i internatet, utstyr og bygningar. Kostnaden med eit gjerde er stipulert til kr 40 000. Det skal nyttast bølgeblekkplater og det er dyrt i Etiopia.

Tusen takk Vik gredalag som tildeler desse inntektene til Vik Gedeo utvikling.Filnen under kan sjåast i lite format, men ikkje på mobiltelefon.