tirsdag 15. desember 2015

Informasjon desember 2015

Dette eit bilde som du kan utvide på nettbrett eller mobiltelefon.

Gjerde rundt internatet - under bygging

Gjerdet rundt internatet vert bygd av murblokker.
Murblokkene er bestandig men kostar ein del, sjølv i Etiopia.

Arbeidet er godt i gong,


lørdag 19. september 2015

Gjerde rundt internatet

Styret i Vik-Gedeo utvikling har gjort vedtak om å starta bygging av gjerde rundt eigedomen i Dilla. Gjerdet har vore planlagt lenge, men det er dyrt og prosjektet trong ein grunnsum før arbeidet kunne starta. Ein har måtte vente til det var nok innsamla midlar tilgjengeleg. Det er det no.

For å sikra anlegget og eigedomen er det bestemt at ein skal nytta murblokker og ikkje tradisjonelt nettinggjerde. Murblokker er meir varige og sikrar anlegget betre. Den totale kostnaden er rekna til kr 60 000 (norske kroner). Det er ganske mange meter mur som skal opp og arbeidet må gjerast skikkeleg. Når arbeidet er komen godt i gong vil me leggja ut bilete.

Me er avhenging av at nokon gir fast. Det er faste givarar og det er me svært takknemleg for!

tirsdag 7. juli 2015

80-årsgåve til prosjektet frå Karen Lovise Breivik

Karen Lovise Breivik som bur på Karmøy fylte 80 år i juni. Ho ville ikkje ha gåver til seg sjølv, men ønskte heller gåver til Vik Gedeo-prosjektet og til eit misjonsprosjekt i Tanzania. Vik Gedeo-prosjektet fekk kr 10.000,00. Dette er eit viktig bidrag til mellom anna finansiering av gjerdet som er planlagt bygd.

Me takkar hjarteleg for denne flotte gåva.