Internatbygget

Det er 2 internatbygg med plass til 48 jenter på 6 rom. Standarden er høg sett i forhold til det jentene er vane med. Servicebygget har kjøkken, toalett og dusjar etter etiopisk standard. Maten må jentene laga sjølv. Anlegget får vatn frå ein stor vanntak som står på tomta.

Bygga er bygt for minst mogeleg vedlikehald. Kompliserte bygg fører til problem med vedlikehald som ofte er kostbart og vanskeleg. Bygga er enkle og bygd etter etiopisk standard, ikkje norsk.
Konstruksjonane er sikra gjennom ekstern kontroll av ingeniørar, på plassen.

Anlegget er sikra med gjerde og det er 24 timars vakt. Det er viktig at dei som bur der er trygge og at anlegget ikkje vert utsett for skadeverk.
Dilla vidaregåande skule ligg like i nærleiken og i gangavstand til internatet.


Oversiktsbilde over tomten, internatbygga og servicebygget
Frå eit av romma. Inernatet er enkelt og vedlikehaldsfritt innreia. Det er 8 jenter på kvart rom,.
Kjøkkenet er enkelt innreia. Dette er ein ovn til å steika injerra i. Den vert fyrt med ved. Sjå bort i frå fargane. Det er reint.



Internatbygga. Til venstre ligg servicebygget
Dette er ein vanntank på 10 000 liter. Den står no på stativet bak.