mandag 23. desember 2013

Stor julegåve til prosjektet

Ein privatperson på austlandet har gitt ei stor gåve til prosjektet. Gåva var på kr 30 000 og fullfinansierer vanntanken til interntatet, som er omtala under framtidige behov. Tanken vart montert i haust. Det er berre å takka givar så mykje for denne storslåtte gåva no like før jul. Givaren har også tidlegare støtta prosjektet.

lørdag 26. oktober 2013

Bygdetreff på Vik - 8000 kr til prosjektet

Geir Barsnes
Inge Halstensen
I dag var det bygdetreff på Vik behehus i regi av Grendalaget på Vik og bedehuset. Over 80 menneske møtte opp og fekk høyra fleire interessante foredrag, m.a. frå fiskebåtreiar Inge Halstensen frå Austevoll. Han snakka om Hans Nilsen Hauge, svært interessant og Halstensen hadde glimt i auga.


Geir Barsnes stod for sangen og musikken og Ottar Vik leia arrangementet. Det var og ei flott oppleving å vera med Sigurd Vik på hummerfiske, ein film sett saman av Gerhard Vik.
Filmen engasjerte dei frammøtte.

Ottar Vik



Grendalaget hadde bestemt at betaling for kaffi og vaflar skulle gå til Vik Gedeo-prosjektet. Det kom inn kr 8000 til prosjektet. Det er utruleg bra og prosjektet takkar så mykje for pengane som kjem godt med.

I desse dagar er det finansiering av ein vanntank som er viktig. Den forsyner internatet med vatn til matlaging og til dusjanlegget.
Tanken kostar kr 30 000.

Ingrediensane til vaflane var sponsa fullt ut av Eurospar Rong og egga frå Hans Arne Breivik.





søndag 13. oktober 2013

Vik Gedeo-prosjektet presentert på Vik bedehus søndag


Mellom 70-80 menneske var tilstades då Vik Gedeo-prosjektet vart presentert på Vik bedehus søndag 13. oktober. Vik Gedeo-prosjektet hadde ansvaret for møtet.

Dei frammøtte fekk mellom anna orientering om status for prosjektet og inntrykk frå Etiopia og opninga av jenteinternatet. Kollekten denne søndagen gjekk til prosjektet og det kom inn kr. 7.800 til prosjektet. Det er flott. Takk til alle!

torsdag 10. oktober 2013

Takkar alle på Vik og andre som har gitt gåver til prosjektet

Minister (statsråd) Frenesh Mekuira, frå regjeringa i Etiopia takkar alle på Vik og alle andre som har gitt gåver til prosjektet. Ho deltok ved opninga av internatet.
Fleire enkeltpersonar skal ha ei særskilt takk. Etter norsk målestokk er dette eit lite prosjekt. Etter Etiopisk standard og utvikling eit viktig prosjekt, særleg sidan det rettar seg mot jenter og deira utdanning og at det ligg i Gedeo-området.

Prosjektet har fått medieomtale regionalt og nasjonalt i Etiopia, gjennom Etiopisk TV.

Det bur nærare 90 mill. menneske i Etiopia.

onsdag 9. oktober 2013

Den første jenta frå internatet til universitetet

Denne jenta er no tatt opp ved universitetet i Addis Abeba.

Ho har budd på jenteinternatet i Dilla og er den første av jentene som bur på internatet som no er komen vidare til universitetet. Ho har gått på Dilla vidaregåande skule.


tirsdag 8. oktober 2013

Bilder frå opninga av internatet


Gerd Lillian, Oddbjørg, Erling, Marit, Roy, Sveinung, Anne Kristin
 
Nokre av jentene som bur i internatet
Sang og dans med lokale artistar

Ansvarleg for gjennomføring av prosjektet og guide: Mengesha Alemu Shetta

Delegasjonen frå Noreg saman med presidenten i Gedeo og kvinneministeren



 

søndag 6. oktober 2013

Jenteinternatet i Dilla offisielt opna

Frå høgre: Gerd Lillian Vik, Oddbjørg Vik og minister Frenesh Mekuira
Måndag 30. september vart jenteinternatet i Dilla offisielt opna. Over 200 inviterte gjestar var tilstades ved opninga, m.a. representant for regjeringa i Etiopia, Her Excellency, State Minister Frenesh Mekuira, State Ministry of Women’s, Children and Youth Affairs in Ethiopia, samt regionale og lokale styresmakter.

Jentene som bur i internatet og deira foreldre var sjølvsagte gjester ved opninga. Delegasjonen frå Noreg kom til eit festpynta område og vart ynskt varmt velkomen.
Det var innslag med lokal sang og dans, talar og servering av mat og ikkje minst kaffi som Etiopia er så kjent for.

Desse var tilstades frå Noreg:
Gerd Lillian Vik, Oddbjørg Innvær Vik, Marit Bakka Torsvik, Anne Kristin Vatnedalen, Mengesha Alemu Shetta, Olav Martin Vik, Erling Vik, Roy Torsvik og Sveinung Vatnedalen.

Det var minister Frenesh Mekuira som saman med Gerd Lillian Vik og Oddbjørg Innvær Vik klipte snora og på den måten offisielt opna internatet. Sjå bilete.

Etiopisk TV var tilstades ved opninga og har sendt eit 10 minuttars innslag på riksdekkande TV, først i Sør Etiopia og seinare nasjonalt.


Jentene saman med Gerd Lillian og Oddbjørg utanfor internatbygga.

Det vert lagt ut fleire bilete frå opninga, seinare.








Minister Frenesh Mekuira takka hjarteleg for engasjementet frå Noreg og peika på at internatet er svært viktig for Gedeo-folket og ikkje minst for utdanning for kvinner. Ho var sjølv den første kvinna frå området med universitetsutdanning.

No er ho i toppen i det politiske systemet i Etiopia.

fredag 20. september 2013

Offisiell opning med besøk frå Noreg

I neste veke vert jenteinternatet i Dilla offisielt opna, med deltakarar frå Noreg. Representantar frå den politiske leiinga i Dilla vil delta, saman med jentene som bur i internatet og deira foreldre, samt andre offisielle gjestar frå Gedeo Development Assocation som er vår samarbeidspartnar.

Det eine internatbygget har vore i drift eit år. Det andre bygget er no ferdig, saman med kjøkken og sanitærbygg. Nokre detaljar står att. Frå Noreg er det og forskuttert kjøp av ein stor vanntank som vil forsyna kjøkken og toalett med reint vatn. Tanken kostar ein del pengar.

Når bygg nr. 2 no er ferdig er det plass til 48 jenter i internatet.

mandag 15. juli 2013

Internatbygg nr. 2 nesten ferdig

Dei siste rapportane frå Etiopia fortel at handverkarane held på å sluttføra internattbygg nr. 2. Det skal setjast inn vindauger og romma må ha senger. Målet er at internatet skal vera klart til skulestart no i haust. Når dette bygget står ferdig har anlegget plass til 48 jenter.

Det vert planlagt å kjøpa inn ein stor vanntank som skal forsyna kjøkken og toalett med vatn.

tirsdag 12. februar 2013

Flott kvinnefest på Vik bedehus

Under mottoet "Et løft i hverdagen" var over 90 damer samla til kvinnefest på Vik bedehus fredag 8. februar. Det var utlodning til inntekt for Vik-Gedeoprosjektet. På loddbøkene og åresalet kom det inn kr. 34.000,00 til prosjektet. Det er eit flott bidrag.

Tusen takk til kvinnene som hadde ansvaret for festen og til alle som var med og kjøpte lodd og på den måten gir jenter i Etiopia eit løft i kvardagen.

tirsdag 29. januar 2013

Kvinnefest på Vik bedehus fredag 8. februar kl.19.30

Fredag 8. februar er det igjen inspirasjonskveld/kvinnefest på Vik bedehus. Kvinnefesten i fjor var ein stor suksess med over 90 deltakarar.

Velkommen til inspirasjonskveld for damer fredag 8.2. under mottoet "Et LØFT i hverdagen".
Tale ved Olaug Torsvik Hundvin. Song ved Anita Barsnes.

Humorinnslag, basar med flotte gevinstar og litt å eta. Inntektene frå basaren går til Vik-Gedeo prosjektet.
Damene som arrangerer festen 
" Litt å le av, leva på og tru på"

tirsdag 22. januar 2013

Ei stor gåve til prosjektet

Berta Gjengedal frå Øygarden fylte 70 år og ville ikkje ha gåver til seg sjølv. Ho ville heller at det vart gitt ei pengegåve til Vik-Gedeo prosjektet. Til saman har det kome inn kr. 18.700,00. Dette er ei utruleg flott og viktig gåve. Gåva er viktig for finansieringa av internatbygg nr. 2.  Tusen takk til Berta!