torsdag 25. august 2016

Takk til Randi S. Brødsjø

Randi S. Brødsjø som bur i Gjerstad hadde rund dag for ei tid tilbake. Ho ønskte ikkje gåver til seg sjølv, men heller gåver til Vik Gedeo-prosjektet.

Prosjektet har fått overført kr 16 000 frå Randi S. Brødsjø og me takkar hjarteleg for denne store gåva. Dette er midlar som kjem godt med framover og me er takknemleg for at Randi prioriterte vårt arbeid, på denne måten.

tirsdag 23. august 2016

Muren som tryggar internatet

Muren (omtala som gjerde) som skal trygge internatet nærmar seg ei sluttføring. Det står att ei langside. Det er eit stort området som skal sikrast og muren skal vere høg nok til å hindre inntrenging av uvedkommande.

Det er ein stor konstruksjon, med omsyn til høgde og lengde, i tillegg til fundament som har bærevne.

Bak muren ser ein tårnet med vanntank og delar av velferdsbygget med kjøkken og sanitæranlegg.