lørdag 28. januar 2017

Tusen takk for kr 12 372 på bygdetreffet på Vik bedehus

Tusen takk til Vik grendalag og alle andre som hadde ansvar for bygdetreffet på Vik bedehus lørdag 28. januar og for invitasjonen til å presentere arbeidet i Dilla. Dei frammøtte fekk servert vafflar, lappar og kaffi og matpengane gjekk til prosjektet. Takk til alle!

Ottar Vik leia bygdetreffet som i år hadde størjefiske som tema. Bedehuset var fullsett. I tillegg til foredrag av Karsten Karlsen om størjefiske framførte Bjørn Sæle dikt og viser av Jakob Sande, akkompagnert av Geir Barsnes. Til prosjektet kom det inn kr 12 372. Også ordførar Børge Haugetun var tilstades.
b
Geir Barsnes (t.v.) og Bjørn Sæle framfører dikt og viser av Jakob Sande

onsdag 25. januar 2017

Nytt kull med jenter på plass i internatet

Det er tatt inn mange nye jenter på internatet ved årsskiftet. Ein vart forsinka med inntaket på grunn av situasjonen i området (Etiopia). Her ser me jentene utanfor internatet. Romma er som bileta viser enkelt innreia. I samarbeid med lokale styresmakter vil me framover prøve å få litt møblar på romma.

Nytt kull med jenter er på plass i internatet

Romma er enkelt innreia