søndag 3. august 2014

Småjenter med engasjement

To små jenter på Vik kom med ei lita pengegåve til prosjektet, etter litt "sal" av ting på nabohusa. Det er flott med slikt engasjement. Tusen takk for gåva!

Sparebanken Vest har gitt tilskot til arrangement

Sparebanken Vest sitt allmennyttige fond VI har gitt kr 5 000 i stønad til Gedeo-kvelden 14. februar. Pengane er arrangementsstønad. Det er flott å få ei slik gåve, noko som gjer at innsamla midlar går uavkorta til prosjektet. Om Sparebanken Vest sitt allmennyttige fond

Tusen takk for gåva!

fredag 14. februar 2014

Flott Vik Gedeo-kveld på Vik bedehus


Ca 70 personar var tilstades på Vik Gedeo-kvelden 14.2. Koret "Telos" frå Sotra deltok med flott song.

Ei rekkje innslag og loddsal. Det kom totalt inn kr. 32 500 til prosjektet. Det er utruleg flott og det er berre å takka alle som har deltatt både med gevinstar og loddkjøp.

Pengane vil gå til mellom anna bord, stolar og skap til internatet i Dilla.

Koret "Telos"(bildet)  frå Sotra (Brattholmen) løfta kvelden med flott song.

Det er berre å takka koret for at dei var saman med oss denne kvelden.

tirsdag 28. januar 2014

Vik Gedeo-kveld på Vik bedehus 14. februar


Velkomen til Vik Gedeo-kveld 

på Vik bedehus 
fredag 14. februar kl. 19.00

For program trykk på plakaten ovanfor


mandag 23. desember 2013

Stor julegåve til prosjektet

Ein privatperson på austlandet har gitt ei stor gåve til prosjektet. Gåva var på kr 30 000 og fullfinansierer vanntanken til interntatet, som er omtala under framtidige behov. Tanken vart montert i haust. Det er berre å takka givar så mykje for denne storslåtte gåva no like før jul. Givaren har også tidlegare støtta prosjektet.

lørdag 26. oktober 2013

Bygdetreff på Vik - 8000 kr til prosjektet

Geir Barsnes
Inge Halstensen
I dag var det bygdetreff på Vik behehus i regi av Grendalaget på Vik og bedehuset. Over 80 menneske møtte opp og fekk høyra fleire interessante foredrag, m.a. frå fiskebåtreiar Inge Halstensen frå Austevoll. Han snakka om Hans Nilsen Hauge, svært interessant og Halstensen hadde glimt i auga.


Geir Barsnes stod for sangen og musikken og Ottar Vik leia arrangementet. Det var og ei flott oppleving å vera med Sigurd Vik på hummerfiske, ein film sett saman av Gerhard Vik.
Filmen engasjerte dei frammøtte.

Ottar Vik



Grendalaget hadde bestemt at betaling for kaffi og vaflar skulle gå til Vik Gedeo-prosjektet. Det kom inn kr 8000 til prosjektet. Det er utruleg bra og prosjektet takkar så mykje for pengane som kjem godt med.

I desse dagar er det finansiering av ein vanntank som er viktig. Den forsyner internatet med vatn til matlaging og til dusjanlegget.
Tanken kostar kr 30 000.

Ingrediensane til vaflane var sponsa fullt ut av Eurospar Rong og egga frå Hans Arne Breivik.





søndag 13. oktober 2013

Vik Gedeo-prosjektet presentert på Vik bedehus søndag


Mellom 70-80 menneske var tilstades då Vik Gedeo-prosjektet vart presentert på Vik bedehus søndag 13. oktober. Vik Gedeo-prosjektet hadde ansvaret for møtet.

Dei frammøtte fekk mellom anna orientering om status for prosjektet og inntrykk frå Etiopia og opninga av jenteinternatet. Kollekten denne søndagen gjekk til prosjektet og det kom inn kr. 7.800 til prosjektet. Det er flott. Takk til alle!