Minister (statsråd) Frenesh Mekuira, frå regjeringa i Etiopia takkar alle på Vik og alle andre som har gitt gåver til prosjektet. Ho deltok ved opninga av internatet.
Fleire enkeltpersonar skal ha ei særskilt takk. Etter norsk målestokk er dette eit lite prosjekt. Etter Etiopisk standard og utvikling eit viktig prosjekt, særleg sidan det rettar seg mot jenter og deira utdanning og at det ligg i Gedeo-området.
Prosjektet har fått medieomtale regionalt og nasjonalt i Etiopia, gjennom Etiopisk TV.
Det bur nærare 90 mill. menneske i Etiopia.

Vik Gedeo utvikling gir jenter fra Gedeo-folket i Etiopia mulighet til videregående utdanning. Vi har bygd jenteinternat i byen Dilla i Sør-Etiopia i samarbeid med Gedeo Development Association (GDA). Det bor nærmere 90 millioner mennesker i Etiopia. Av disse bor cirka 1,5 millioner i Gedeo-området. Mange i Norge og Etiopia har bidratt til realisering av internatet.
torsdag 10. oktober 2013
onsdag 9. oktober 2013
Den første jenta frå internatet til universitetet
tirsdag 8. oktober 2013
Bilder frå opninga av internatet
søndag 6. oktober 2013
Jenteinternatet i Dilla offisielt opna
![]() |
Frå høgre: Gerd Lillian Vik, Oddbjørg Vik og minister Frenesh Mekuira |
Jentene som bur i internatet og deira foreldre var sjølvsagte gjester ved opninga. Delegasjonen frå Noreg kom til eit festpynta område og vart ynskt varmt velkomen.
Det var innslag med lokal sang og dans, talar og servering av mat og ikkje minst kaffi som Etiopia er så kjent for.
Desse var tilstades frå Noreg:
Gerd Lillian Vik, Oddbjørg Innvær Vik, Marit Bakka Torsvik, Anne Kristin Vatnedalen, Mengesha Alemu Shetta, Olav Martin Vik, Erling Vik, Roy Torsvik og Sveinung Vatnedalen.
Det var minister Frenesh Mekuira som saman med Gerd Lillian Vik og Oddbjørg Innvær Vik klipte snora og på den måten offisielt opna internatet. Sjå bilete.
Etiopisk TV var tilstades ved opninga og har sendt eit 10 minuttars innslag på riksdekkande TV, først i Sør Etiopia og seinare nasjonalt.
Jentene saman med Gerd Lillian og Oddbjørg utanfor internatbygga.
Det vert lagt ut fleire bilete frå opninga, seinare.
Minister Frenesh Mekuira takka hjarteleg for engasjementet frå Noreg og peika på at internatet er svært viktig for Gedeo-folket og ikkje minst for utdanning for kvinner. Ho var sjølv den første kvinna frå området med universitetsutdanning.
No er ho i toppen i det politiske systemet i Etiopia.
fredag 20. september 2013
Offisiell opning med besøk frå Noreg
I neste veke vert jenteinternatet i Dilla offisielt opna, med deltakarar frå Noreg. Representantar frå den politiske leiinga i Dilla vil delta, saman med jentene som bur i internatet og deira foreldre, samt andre offisielle gjestar frå Gedeo Development Assocation som er vår samarbeidspartnar.
Det eine internatbygget har vore i drift eit år. Det andre bygget er no ferdig, saman med kjøkken og sanitærbygg. Nokre detaljar står att. Frå Noreg er det og forskuttert kjøp av ein stor vanntank som vil forsyna kjøkken og toalett med reint vatn. Tanken kostar ein del pengar.
Når bygg nr. 2 no er ferdig er det plass til 48 jenter i internatet.
Det eine internatbygget har vore i drift eit år. Det andre bygget er no ferdig, saman med kjøkken og sanitærbygg. Nokre detaljar står att. Frå Noreg er det og forskuttert kjøp av ein stor vanntank som vil forsyna kjøkken og toalett med reint vatn. Tanken kostar ein del pengar.
Når bygg nr. 2 no er ferdig er det plass til 48 jenter i internatet.
mandag 15. juli 2013
Internatbygg nr. 2 nesten ferdig
Dei siste rapportane frå Etiopia fortel at handverkarane held på å sluttføra internattbygg nr. 2. Det skal setjast inn vindauger og romma må ha senger. Målet er at internatet skal vera klart til skulestart no i haust. Når dette bygget står ferdig har anlegget plass til 48 jenter.
Det vert planlagt å kjøpa inn ein stor vanntank som skal forsyna kjøkken og toalett med vatn.
Det vert planlagt å kjøpa inn ein stor vanntank som skal forsyna kjøkken og toalett med vatn.
tirsdag 12. februar 2013
Flott kvinnefest på Vik bedehus
Under mottoet "Et løft i hverdagen" var over 90 damer samla til kvinnefest på Vik bedehus fredag 8. februar. Det var utlodning til inntekt for Vik-Gedeoprosjektet. På loddbøkene og åresalet kom det inn kr. 34.000,00 til prosjektet. Det er eit flott bidrag.
Tusen takk til kvinnene som hadde ansvaret for festen og til alle som var med og kjøpte lodd og på den måten gir jenter i Etiopia eit løft i kvardagen.
Tusen takk til kvinnene som hadde ansvaret for festen og til alle som var med og kjøpte lodd og på den måten gir jenter i Etiopia eit løft i kvardagen.
Abonner på:
Innlegg (Atom)