tirsdag 23. august 2016

Muren som tryggar internatet

Muren (omtala som gjerde) som skal trygge internatet nærmar seg ei sluttføring. Det står att ei langside. Det er eit stort området som skal sikrast og muren skal vere høg nok til å hindre inntrenging av uvedkommande.

Det er ein stor konstruksjon, med omsyn til høgde og lengde, i tillegg til fundament som har bærevne.

Bak muren ser ein tårnet med vanntank og delar av velferdsbygget med kjøkken og sanitæranlegg.