lørdag 19. september 2015

Gjerde rundt internatet

Styret i Vik-Gedeo utvikling har gjort vedtak om å starta bygging av gjerde rundt eigedomen i Dilla. Gjerdet har vore planlagt lenge, men det er dyrt og prosjektet trong ein grunnsum før arbeidet kunne starta. Ein har måtte vente til det var nok innsamla midlar tilgjengeleg. Det er det no.

For å sikra anlegget og eigedomen er det bestemt at ein skal nytta murblokker og ikkje tradisjonelt nettinggjerde. Murblokker er meir varige og sikrar anlegget betre. Den totale kostnaden er rekna til kr 60 000 (norske kroner). Det er ganske mange meter mur som skal opp og arbeidet må gjerast skikkeleg. Når arbeidet er komen godt i gong vil me leggja ut bilete.

Me er avhenging av at nokon gir fast. Det er faste givarar og det er me svært takknemleg for!

tirsdag 7. juli 2015

80-årsgåve til prosjektet frå Karen Lovise Breivik

Karen Lovise Breivik som bur på Karmøy fylte 80 år i juni. Ho ville ikkje ha gåver til seg sjølv, men ønskte heller gåver til Vik Gedeo-prosjektet og til eit misjonsprosjekt i Tanzania. Vik Gedeo-prosjektet fekk kr 10.000,00. Dette er eit viktig bidrag til mellom anna finansiering av gjerdet som er planlagt bygd.

Me takkar hjarteleg for denne flotte gåva.    


lørdag 27. desember 2014

Tusen takk

Det er ein del personar som gir fast til prosjektet. Summen av desse gåvene gir oss ein forutsigbar grunnsum til drift av anlegget. Gåvene er difor utruleg viktige for oss. Me takkar så mykje kvar enkelt av dykk!

Registrert i Brønnøysundregistrene

Vik-Gedeo prosjektet er no regstrert i Brønnøysundregistrene, i Enhetsregisteret og Frivillighetsregisteret. Organisasjonsnummeret er: 914408598


søndag 19. oktober 2014

Orienterte om Vik Gedeo

Gerd Lillian Vik (t.h.) og Oddbjørg Innvær Vik

 - som starta prosjektet tilbake i 2008 orienterte på bygdetreffet 18. oktober om prosjektet, arbeidet og planane framover.

Vik Gedeo utvikling tek steg for steg når det gjeld å løfta standard og innhald i internatet i Dilla i Etiopia. Vik Gedeo prosjektet har eit langsiktig perspektiv med mål om at anlegget vert sjølvdrive.

lørdag 18. oktober 2014

12 000 til jentene i Etiopia

Det vart eit flott bygdetreff på Vik i ettermiddag. Vik bedehus vart fylt til randen av folk. I overkant av 130 personar fekk oppleva historiske tilbakeblikk, film frå størjefiske og kasting med not, noko som var høgdepunktet denne kvelden. Ottar Vik er primus motor i opplegget, med god støtte frå Vik grendalag og Vik bedehus.

Geir Barsnes tok forsamlinga med inn i Prøysen sine songar. Med seg hadde han musikar Terje Onstad.

Det vart servert vaflar og kaffi. Inntektene gjekk til Vik Gedeo prosjektet. Folk gav heile kr 12 000 til prosjektet. Me seier tusen takk for pengane. Dei kjem godt med når no anlegget skal gjerdast inn, slik at det er trygt for dei som bur i internatet, utstyr og bygningar. Kostnaden med eit gjerde er stipulert til kr 40 000. Det skal nyttast bølgeblekkplater og det er dyrt i Etiopia.

Tusen takk Vik gredalag som tildeler desse inntektene til Vik Gedeo utvikling.Filnen under kan sjåast i lite format, men ikkje på mobiltelefon.


søndag 3. august 2014

Besta Design gir overskotet frå salet til prosjektet

Besta Design produserer unikt handlaga barnetøy 0-7 år. Overskotet frå salet går til prosjektet. Det er Anne Kristin Vatnedalen som driv Besta Design. Tusen takk til Anne Kristin!