mandag 15. juli 2013

Internatbygg nr. 2 nesten ferdig

Dei siste rapportane frå Etiopia fortel at handverkarane held på å sluttføra internattbygg nr. 2. Det skal setjast inn vindauger og romma må ha senger. Målet er at internatet skal vera klart til skulestart no i haust. Når dette bygget står ferdig har anlegget plass til 48 jenter.

Det vert planlagt å kjøpa inn ein stor vanntank som skal forsyna kjøkken og toalett med vatn.

tirsdag 12. februar 2013

Flott kvinnefest på Vik bedehus

Under mottoet "Et løft i hverdagen" var over 90 damer samla til kvinnefest på Vik bedehus fredag 8. februar. Det var utlodning til inntekt for Vik-Gedeoprosjektet. På loddbøkene og åresalet kom det inn kr. 34.000,00 til prosjektet. Det er eit flott bidrag.

Tusen takk til kvinnene som hadde ansvaret for festen og til alle som var med og kjøpte lodd og på den måten gir jenter i Etiopia eit løft i kvardagen.

tirsdag 29. januar 2013

Kvinnefest på Vik bedehus fredag 8. februar kl.19.30

Fredag 8. februar er det igjen inspirasjonskveld/kvinnefest på Vik bedehus. Kvinnefesten i fjor var ein stor suksess med over 90 deltakarar.

Velkommen til inspirasjonskveld for damer fredag 8.2. under mottoet "Et LØFT i hverdagen".
Tale ved Olaug Torsvik Hundvin. Song ved Anita Barsnes.

Humorinnslag, basar med flotte gevinstar og litt å eta. Inntektene frå basaren går til Vik-Gedeo prosjektet.
Damene som arrangerer festen 
" Litt å le av, leva på og tru på"

tirsdag 22. januar 2013

Ei stor gåve til prosjektet

Berta Gjengedal frå Øygarden fylte 70 år og ville ikkje ha gåver til seg sjølv. Ho ville heller at det vart gitt ei pengegåve til Vik-Gedeo prosjektet. Til saman har det kome inn kr. 18.700,00. Dette er ei utruleg flott og viktig gåve. Gåva er viktig for finansieringa av internatbygg nr. 2.  Tusen takk til Berta!


mandag 12. november 2012

Internatbygg nr. 2 er under oppføring

Bygg nr. 2 er under oppføring. Når bygget er ferdig vert det plass til 48 jenter på internatet.
Bygg nr. 1 var ferdig i fjor.
Det er populært for unge jenter å bu på internatet som ligg nært opp til vidergåande skule i Dilla.

Til venstre ser ein nybygget.
                        

onsdag 19. september 2012

Takk for gåvene

Prosjektet takkar så mykje for gåvene som kjem inn til prosjektet. Enkeltmenneske ser behovet og gir pengar til prosjektet. Me takkar så mykje.

Prosjektleiinga i Etiopia planlegg no oppstart av bygg nr. 2 som vil ha plass til 24 jenter. Bygg nr.1 huser allereie 24 jenter. Det er populært å bu i dette internatet.

Me oppdaterer bloggen når bygg nr. 2 reiser seg.

tirsdag 28. februar 2012

Engasjerte elevar på Toftøy skule

Elevane på Toftøy skule i Øygarden hadde før jul eit arrangement der det kom inn pengar som elevrådet skulle bestemma bruken av. Etter å ha diskutert kva pengane skulle gå til, bestemte elevrådet at dei ville gi pengane til Vik Gedeo prosjektet. Dei overfører no kr. 3234,00 til prosjektet. Tusen takk til elevane og elevrådet ved Toftøy skule.

Elevrådet ved Toftøy skule

Framme frå venstre: Johannes Teigen Elde og Ingrid Refvik Torsvik (representantar frå 4.klasse), Marte-Celine Rovers (5.kl)
Bak frå venstre: Leon Nordvik Syversen (5. kl), Cecilie Borsholm Vik (7.kl), Anders Refvik Torsvik, Louise Rognsvåg (begge 6.kl) og Bjørnar Storemark,7.kl.