søndag 6. oktober 2013

Jenteinternatet i Dilla offisielt opna

Frå høgre: Gerd Lillian Vik, Oddbjørg Vik og minister Frenesh Mekuira
Måndag 30. september vart jenteinternatet i Dilla offisielt opna. Over 200 inviterte gjestar var tilstades ved opninga, m.a. representant for regjeringa i Etiopia, Her Excellency, State Minister Frenesh Mekuira, State Ministry of Women’s, Children and Youth Affairs in Ethiopia, samt regionale og lokale styresmakter.

Jentene som bur i internatet og deira foreldre var sjølvsagte gjester ved opninga. Delegasjonen frå Noreg kom til eit festpynta område og vart ynskt varmt velkomen.
Det var innslag med lokal sang og dans, talar og servering av mat og ikkje minst kaffi som Etiopia er så kjent for.

Desse var tilstades frå Noreg:
Gerd Lillian Vik, Oddbjørg Innvær Vik, Marit Bakka Torsvik, Anne Kristin Vatnedalen, Mengesha Alemu Shetta, Olav Martin Vik, Erling Vik, Roy Torsvik og Sveinung Vatnedalen.

Det var minister Frenesh Mekuira som saman med Gerd Lillian Vik og Oddbjørg Innvær Vik klipte snora og på den måten offisielt opna internatet. Sjå bilete.

Etiopisk TV var tilstades ved opninga og har sendt eit 10 minuttars innslag på riksdekkande TV, først i Sør Etiopia og seinare nasjonalt.


Jentene saman med Gerd Lillian og Oddbjørg utanfor internatbygga.

Det vert lagt ut fleire bilete frå opninga, seinare.








Minister Frenesh Mekuira takka hjarteleg for engasjementet frå Noreg og peika på at internatet er svært viktig for Gedeo-folket og ikkje minst for utdanning for kvinner. Ho var sjølv den første kvinna frå området med universitetsutdanning.

No er ho i toppen i det politiske systemet i Etiopia.

fredag 20. september 2013

Offisiell opning med besøk frå Noreg

I neste veke vert jenteinternatet i Dilla offisielt opna, med deltakarar frå Noreg. Representantar frå den politiske leiinga i Dilla vil delta, saman med jentene som bur i internatet og deira foreldre, samt andre offisielle gjestar frå Gedeo Development Assocation som er vår samarbeidspartnar.

Det eine internatbygget har vore i drift eit år. Det andre bygget er no ferdig, saman med kjøkken og sanitærbygg. Nokre detaljar står att. Frå Noreg er det og forskuttert kjøp av ein stor vanntank som vil forsyna kjøkken og toalett med reint vatn. Tanken kostar ein del pengar.

Når bygg nr. 2 no er ferdig er det plass til 48 jenter i internatet.

mandag 15. juli 2013

Internatbygg nr. 2 nesten ferdig

Dei siste rapportane frå Etiopia fortel at handverkarane held på å sluttføra internattbygg nr. 2. Det skal setjast inn vindauger og romma må ha senger. Målet er at internatet skal vera klart til skulestart no i haust. Når dette bygget står ferdig har anlegget plass til 48 jenter.

Det vert planlagt å kjøpa inn ein stor vanntank som skal forsyna kjøkken og toalett med vatn.

tirsdag 12. februar 2013

Flott kvinnefest på Vik bedehus

Under mottoet "Et løft i hverdagen" var over 90 damer samla til kvinnefest på Vik bedehus fredag 8. februar. Det var utlodning til inntekt for Vik-Gedeoprosjektet. På loddbøkene og åresalet kom det inn kr. 34.000,00 til prosjektet. Det er eit flott bidrag.

Tusen takk til kvinnene som hadde ansvaret for festen og til alle som var med og kjøpte lodd og på den måten gir jenter i Etiopia eit løft i kvardagen.

tirsdag 29. januar 2013

Kvinnefest på Vik bedehus fredag 8. februar kl.19.30

Fredag 8. februar er det igjen inspirasjonskveld/kvinnefest på Vik bedehus. Kvinnefesten i fjor var ein stor suksess med over 90 deltakarar.

Velkommen til inspirasjonskveld for damer fredag 8.2. under mottoet "Et LØFT i hverdagen".
Tale ved Olaug Torsvik Hundvin. Song ved Anita Barsnes.

Humorinnslag, basar med flotte gevinstar og litt å eta. Inntektene frå basaren går til Vik-Gedeo prosjektet.
Damene som arrangerer festen 
" Litt å le av, leva på og tru på"

tirsdag 22. januar 2013

Ei stor gåve til prosjektet

Berta Gjengedal frå Øygarden fylte 70 år og ville ikkje ha gåver til seg sjølv. Ho ville heller at det vart gitt ei pengegåve til Vik-Gedeo prosjektet. Til saman har det kome inn kr. 18.700,00. Dette er ei utruleg flott og viktig gåve. Gåva er viktig for finansieringa av internatbygg nr. 2.  Tusen takk til Berta!


mandag 12. november 2012

Internatbygg nr. 2 er under oppføring

Bygg nr. 2 er under oppføring. Når bygget er ferdig vert det plass til 48 jenter på internatet.
Bygg nr. 1 var ferdig i fjor.
Det er populært for unge jenter å bu på internatet som ligg nært opp til vidergåande skule i Dilla.

Til venstre ser ein nybygget.