tirsdag 29. januar 2013

Kvinnefest på Vik bedehus fredag 8. februar kl.19.30

Fredag 8. februar er det igjen inspirasjonskveld/kvinnefest på Vik bedehus. Kvinnefesten i fjor var ein stor suksess med over 90 deltakarar.

Velkommen til inspirasjonskveld for damer fredag 8.2. under mottoet "Et LØFT i hverdagen".
Tale ved Olaug Torsvik Hundvin. Song ved Anita Barsnes.

Humorinnslag, basar med flotte gevinstar og litt å eta. Inntektene frå basaren går til Vik-Gedeo prosjektet.
Damene som arrangerer festen 
" Litt å le av, leva på og tru på"

tirsdag 22. januar 2013

Ei stor gåve til prosjektet

Berta Gjengedal frå Øygarden fylte 70 år og ville ikkje ha gåver til seg sjølv. Ho ville heller at det vart gitt ei pengegåve til Vik-Gedeo prosjektet. Til saman har det kome inn kr. 18.700,00. Dette er ei utruleg flott og viktig gåve. Gåva er viktig for finansieringa av internatbygg nr. 2.  Tusen takk til Berta!


mandag 12. november 2012

Internatbygg nr. 2 er under oppføring

Bygg nr. 2 er under oppføring. Når bygget er ferdig vert det plass til 48 jenter på internatet.
Bygg nr. 1 var ferdig i fjor.
Det er populært for unge jenter å bu på internatet som ligg nært opp til vidergåande skule i Dilla.

Til venstre ser ein nybygget.
                        

onsdag 19. september 2012

Takk for gåvene

Prosjektet takkar så mykje for gåvene som kjem inn til prosjektet. Enkeltmenneske ser behovet og gir pengar til prosjektet. Me takkar så mykje.

Prosjektleiinga i Etiopia planlegg no oppstart av bygg nr. 2 som vil ha plass til 24 jenter. Bygg nr.1 huser allereie 24 jenter. Det er populært å bu i dette internatet.

Me oppdaterer bloggen når bygg nr. 2 reiser seg.

tirsdag 28. februar 2012

Engasjerte elevar på Toftøy skule

Elevane på Toftøy skule i Øygarden hadde før jul eit arrangement der det kom inn pengar som elevrådet skulle bestemma bruken av. Etter å ha diskutert kva pengane skulle gå til, bestemte elevrådet at dei ville gi pengane til Vik Gedeo prosjektet. Dei overfører no kr. 3234,00 til prosjektet. Tusen takk til elevane og elevrådet ved Toftøy skule.

Elevrådet ved Toftøy skule

Framme frå venstre: Johannes Teigen Elde og Ingrid Refvik Torsvik (representantar frå 4.klasse), Marte-Celine Rovers (5.kl)
Bak frå venstre: Leon Nordvik Syversen (5. kl), Cecilie Borsholm Vik (7.kl), Anders Refvik Torsvik, Louise Rognsvåg (begge 6.kl) og Bjørnar Storemark,7.kl.

mandag 20. februar 2012

Givarglede hos 5-klassingar

I helga var 29 femteklassingar samla til leir på Skjergardsheimen i Øygarden. Dei samla inn kr. 1.600,00 til prosjektet. Det er utruleg flott at femteklassingane ville prioritere dette prosjektet. Tusen takk til kvar enkelt og til leiinga av leiren som meinte at ei innsamling skulle gå til jenteinternatet i Dilla i Etiopia.

lørdag 11. februar 2012

"Et løft i hverdagen" - Inspirasjonskveld på Vik bedehus

Nærare 90 kvinner samla til fest
Nærare 90 damer i alle aldrar var fredag kveld (10. februar) samla til kvinnefest på Vik bedehus under temaet "Et løft i hverdagen". Inntektene frå utloddinga på kvinnfesten går til Vik Gedeo prosjektet. Det kom inn kr. 31.000,00 til prosjektet. Det er berre å takka arrangøren og ikkje minst alle som har kjøpt lodd både før og under festen. Takk til alle!


Damene som arragnerte festen
Dette var ein inspirasjonskveld for damer. Det var humor og song ved Solveig K. Algrøy, inspirerande tale ved Olaug Torsvik Hundvin og song ved Isabell Thomassen. Tilbakemeldingane frå dei frammøtte er svært gode. Eit flott arrangement.

Damene som stod bak arrangementet frå venstre er: Ingrid Torsvik, Oddbjørg Innvær Vik, Gerd Lillian Vik, Marit M. Bakka Torsvik, Magnhild Vik Thomassen og Bjørg Blom
Gevinstar
 Festpynta bord