lørdag 27. november 2010

Pengegåve på Litteraturkveld

Fredag 26. november arrangerte Yngresen på Vik bedehus Litteraturkveld. Dette er eit årleg arrangement. Bok & Media sel bøker, dvd, og andre ting som du finn i ein bokhandel. Det er og utlodning. I år gjekk inntektene til prosjektet i Gedeo. Det kom inn kr. 6000,00 til prosjektet. Tusen takk til alle som kjøpte lodd denne kvelden og på den måten støtta prosjektet.

Som ei stor overrasking kunne Erling Vik som leiar Yngresen, opplysa om at dei gir kr.- 50.000,00 til prosjektet. Tusen takk til Yngresen.

Dei som går på Yngres gir og litt pengar på ei sparebøsse kvar gong. Det vert det og pengar av.